Om oss
Fleksible OG
LØYSINGSORIENTERTE
BTV Bygdeservice SA vart stifta i 2016, og er eit lite bygdeserviceføretak med seks medlemmer. Kundane våre er stort sett store aktørar innan vasskraftproduksjon og kraftoverføring. Me har eit stort fokus på at medarbeidarane våre har den rette kompetansen, og har alle kurs som trengst for å utføra arbeidet på ein trygg og sikker måte.
Nokre av tenestene våre er utleige av mekanikartenester, vedlikehald av uteområde og branntetting, og dessutan kjerneboring, kontroll av slokkeutstyr, skogrydding og meir. Her er arbeidsforholda topp, HMS-systemet godt og alle forsikringar i orden.
Fleksibilitet og løysningsorientering er den store styrken vår.
Personell med rett kompetanse, når du trenger det.
VI ER EIN DEL AV
BYGDESERVICE NORGE
Utstyret og maskinparken me disponerer, er moderne og effektivt for bruk til tenestene me tilbyr. Kontakt oss i dag om du har behov for kortreist og kvalitetsmessig god arbeidskraft!
Me er ein del av Bygdeservice Norge, som i dag tel 45 føretak over heile landet. Som interesseorganisasjon for bygdeserviceføretaka i Noreg, har Bygdeservice Norge som formål å ta vare på dei næringsmessige, faglege og sosiale interessene til medlemmene.

Autorisert forhandlar
Vi er autorisert forhandlar av branntettingsprodukt frå Firesafe.